Det har vore ein svært god haust for G13.
Måndag kveld spelte Hasundgots Gutar 13 mot Volda 2, og kampen enda med kalassiger på Hasundgot stadion.
Heimelaget varta opp med flott og solid fotball, noko som resulterte i ein flott 8-3-siger.
Dette var Hasundgot sin femte strake siger denne hausten, og gutane toppar derfor tabellen i 2.divisjon 7ar med to kampar igjen å spele.
Dei to neste kampane er mot Folkestad og Dalsfjorden.
Flott innsats gutar! 🙂