Gir seg som sportsleg leiar

Etter to år i stillinga vel Joakim Rødven å takke for seg.

Den avtroppande sportslege leiaren vart engasjert i stillinga si i juletider i 2016, og har sidan då jobba for å vere eit bindeledd mellom trenarar og fotballstyret. Når vi går over til 1. desember vert kontrakten avslutta.

– Det har vore veldig spanande å få vere med på å utvikle Hasundgot IL og ikkje minst ha ein såpass tett dialog med engasjerte og drivande foreldre og trenarar. Det har vore ein fantastisk fin gjeng å jobbe med, seier Rødven.

– No kjenner eg derimot at eg har behov for å trekkje meg litt tilbake og disponere tida mi litt annleis ein periode.

I løpet av desse to åra har fotballgruppa mellom anna fått på plass ein sportsplan, gjenoppretta damelaget, blitt tatt opp i Jenteløft-prosjektet og byta utstyrsleverandør.

Rødven vil framleis halde fram som spelar på herrelaget, som skal få testa seg på 5.-divisjonsnivået neste sesong. I tillegg vil 26-åringen bidra innanfor andre område i klubben.

Vi takkar for innsatsen!