Adelskalenderen per 31.12.2018

Jubelscene frå sigeren mot Vanylven FK. FOTO: Iver Vattøy/Vikebladet

Kampar og mål for 2018-sesongen er teld opp og oppdatert.

Det er ikkje altfor mange «store» endringar, men nokre milepålar har redaksjonen notert seg.

Mellom anna har 18-åringen Nicolai Haddal Molvær allereie passert 50 kampar.

Også Marius Muren passerte eit rundt tal førre sesong og landa fjorårets sesong på 101 kampar (40. plass totalt).

Les heile adelskalenderen her!

Sebastian Moldskred Kleven, som har vald å bli verande i Hasundgot til tross for interesse frå hald høgare oppe i seriesystemet, har også klatra mykje i år. Med sine 81 kampar totalt har han spelt seg inn blant topp 50.

Ringrevane Mats Bigset og Svein Eirik Ertesvåg kryp stadig innpå toppen og ligg no på høvesvis 8.- og 9.-plass på adelskalenderen. Etter sesongen har Mats no 239 kampar og Svein Eirik har 236 kampar totalt.

Rasmus Sundgot er framleis urokkeleg på topp med sine 409 kampar.

Topp 10-lista ser slik ut:

NRNAMNMÅLANT.KAMPAR
1RASMUS SUNDGOT34409
2BJØRN ERLING CLEMENTSEN37374
3LARS BREIVIK6339
4JOSTEIN SUNDGOT33300
5TRYGVE SUNDGOT66266
6ØYVIND SUNDGOT111250
7OTTAR ANDRE BREIVIK84246
8MATS BIGSET12239
9SVEIN EIRIK ERTESVÅG12236
10KURT RUSNAK54226

Toppscorarar

I scoringsoversikta gjer vi oss spesielt éi bemerkning. Sebastian vart årets toppscorar med 16 mål, men lagkaptein Ruben Muren segla opp på topp 10-lista over klubbens mestscorande.

Ruben har no scora totalt 46 mål for Hasundgot – med Sebastian hakk i hæl med sine 45 mål.

Øyvind Sundgot ligg framleis ganske langt framom desse to på toppen av scoringstabellen, med sine 111 scoringar på 250 kampar.

Topp 10-lista ser slik ut:

NRNAMNMÅLANT.KAMPAR
1ØYVIND SUNDGOT111250
2STÅLE GJERDE109140
3OTTAR ANDRE BREIVIK84246
4GEORG OLSEN8289
5PER ARNE HASUND73201
6TRYGVE SUNDGOT66266
7ASBJØRN VATTØY64136
8TORE ROMESTRAND57150
9KURT RUSNAK54226
10RUBEN MUREN46174

** Eventuelle feil kan meldast inn til redaksjon@hasundgot.no **