Idrettslaga vil samarbeide for at behalde flest mogeleg, lengst mogeleg.
Hasundgot og Haddal IL er veldig glade for å kunne opplyse om at idrettslaga har signert ein samarbeidsavtale som gjer at klubbane kan melde på samarbeidslag i alle aldersklasser.
Dette vil vere ein kjempefordel for begge idrettslaga, ettersom ein både vil frigjere treningsareal, knyte til seg potensielle trenarressursar frå begge idrettslag og samarbeide om spelarstall der kulla kan vere litt knappe.
På den måten vil begge idrettslaga strekkje seg så langt som råd for å gi eit sportsleg tilbod for aktive utøvarar i både Haddal og Hasundgot.
Samarbeidet vil mellom anna medføre at:
- Alle alderskull opp til og med senior kan melde på samarbeidslag til årets sesong.
- Der det vert oppretta samarbeidslag, kan laget disponere treningsbane og trenarressursar hos både Haddal og Hasundgot.
- Spelarar i Hasundgot vil framleis stå i Hasundgot og spelarar i Haddal vil framleis stå i Haddal.
- Medlems- og treningskontingent vert framleis betalt til klubben ein tilhøyrer.
Lag som ønskjer å få i stand samarbeid med Haddal på sitt kull, bør ta kontakt med fotballstyret snarast for vidare planlegging.
Ta kontakt med Runar Muren eller Joakim Rødven i Hasundgot IL eller Gunnar Ringstad eller Cato Eiksund Rogne i Haddal IL for meir informasjon.