Håvard har signert

Endå ein ny spelar klar for Hasundgot.

Det har vore ein god del spelarar inn denne vinteren, og siste spelar i rekkja er Håvard Hatløy Fiskaa frå Hødd.

17-åringen har gått gradene i Hødd og var mellom anna mykje involvert på Hødds G19 i 1.-divisjon i fjor. I tillegg var han også innom Hødd 3 i 6.-divisjon i opprykksesongen til Hasundgot.

No har forsvararen altså vald å byte beite og har meldt overgang til Hasundgot.

Til likskap med dei andre Hødd-unggutane som har kome til Hasundgot denne vinteren, held også Håvard framleis junioralder og kan derfor nyttast både på juniorlaget og kjempe om ein plass på a-laget.

Med fem nye signeringar i vinter (alle under 19 år) er det trygt å seie at vi har fått tilført positiv energi i treningsgruppa!