Speleplan for herrelaget klart

Jubelscene frå sigeren mot Vanylven FK. FOTO: Iver Vattøy/Vikebladet

Slik blir kampprogrammet for den komande sesongen

Etter ein glimrande sesong for herrelaget i fjor, er laget klare for å ta eit steg opp og spele i 5.-divisjon denne sesongen.

No har Sunnmøre fotballkrets publisert speleplanen for 5.-divisjon herrer, og i 2019 vil ha følgende utgangspunkt:

  • 12 lag, dobbel serie
  • Kamptidspunkt torsdag 18:30
  • Første runde torsdag 25. april
  • Siste runde før sommarferien 4. juli
  • Første runde etter sommarferien 15. august
  • Siste runde 24. oktober

Hasundgot sin første seriekamp er borte mot Hovdebygda. På fotballens nasjonaldag, 16. mai, kjem Vigra på besøk til Hasundgot stadion.

Sesongen vert så runda av på heimebane mot Ellingsøy 24. oktober.

Fullt kampoppsett ligg her: Terminliste