3. desember 2021

Fem unggutar debuterte for a-laget

(AURSTAD ARENA): Det vart uavgjort i årets første treningskamp. 

Med heile fire debutantar frå start (og endå ein på benken), var det mykje nytt i eit ungt Hasundgot som fekk bryne seg mot Ørsta-trenar Vegard Heltne sitt lag.

Forståeleg nok, ettersom dette var den første gongen laget har spelt på stor bane denne vinteren, tok et litt tid før relasjonane sat.

Ørsta fekk ein god sjanse nesten rett frå avspark, men heldigvis vart sjansen avverja til eit hjørnespark.

Etter ein periode der Hasundgot vart trykt litt bakover i banen, skulle kampens første scoring kome.

Etter å ha motteke ballen frå høgre, fekk Ørsta sin spiss vendt opp og avslutta i god posisjon rett framfor målet til Hasundgot.

Ballen gjekk rett inn i det lengste hjørnet; 1-0 til heimelaget. Den stillinga heldt seg også til pause.

Over i andre omgang ønskte Hasundgot å slå tilbake.

Ein godt slått dødball viste seg å vere vanskeleg for Ørsta å få klarert, og etter ein del fram og tilbake fekk nykomar Johannes Meinseth banka inn utlikninga.

Samspelet kom seg betydeleg i andre omgang, men den avgjerande scoringa lot seg ikkje freiste fram.

Då vart det uavgjort i årets første treningskamp, eit resultat vi på ingen måte skal vere misfornøgde med.

Kamptreninga var i alle fall svært verdifull, for 28. februar ventar første kamp i OBOS-cup, heime mot Åmdal.

Kampfakta

Treningskamp
Ørsta – Hasundgot 1-1 (1-0)
Aurstad Arena
MÅL: Johannes Meinseth 1-1
Dommar: Taher Tamimi, Ørsta IL

Startoppstilling: Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Thomas Gjerde, Håvard Fiskaa – Johannes Meinseth, Stian Pedersen, Nicolai Molvær, Nedim Mujic, Daniel Muren – Jørgen Kleiven

Benken: Håvard Vik, Martin Ødegård, Cato Veien, Elias Rooney, Mats Bigset, Svein Eirik Ertesvåg