G19: Storsiger i første treningskamp

Det vart heile 11 mål rette vegen når Hødds juniorlag kom på besøk.

Onsdag spelte Hasundgot G19 årets aller første treningskamp, og det mot kommunerival Hødd.

Hasundgot fekk ein tidleg kalddusj av gjestene, som gjekk friskt til i opninga. Blåtrøyene gjekk opp i leiinga allereie i det 6. speleminuttet etter å ha utnytta ei god kontring på si høgreside.

Men heimelaget skulle slå kraftig tilbake.

Tidlegare Hødd-gut Johannes Meinseth jaga ei pasning som såg ut til å gå heilt inn til keeper, men rett framfor målvakta klarte angriparen å slenge fram ein fot og pirka inn utlikninga like før kvarteret var spelt.

Same spelar var på farta igjen nokre frå minutt seinare, og etter eit godt stykke springearbeid la Johannes inn til Elias Skeide Rooney som satte sikkert inn 2-1 på «Gotta».

Leiinga vart trygga til 3-1 etter halvspelt 1. omgang då Nicolai Vik, som fekk prøve seg i Hasundgot-trøye for kvelden, skrudde inn eit frekt frispark. Ballen gjekk hardt og lågt inn i det venstre hjørnet.

Johannes netta si andre scoring før kvelden ti minutt seinare, før Hødd reduserte til 4-2 før pause.

Etter sidebytet gassa Hasundgot på litt ekstra, og eit særs godt oppmøte på Hasundgot stadion skulle få sjå endå fleire mål i 2. omgang.

Nicolai sette sitt andre for kvelden dryge ti minutt ut i omgangen, før G16-spelar Loke Mork dro av ein tunnel og sette ballen sikkert i det nærmaste hjørnet. Klassescoring!

Stian Pedersen og ein ny G16-spelar, Paul Våge, sette kvar si scoring i løpet av to raske minutt for å auke leiinga til 8-2.

Nykomaren Stian ville derimot score eitt til, og plasserte inn 9-2 til Hasundgot.

Siste ti minutta gjorde også Elias sitt andre mål – og dryge fem minutt før full tid fastsette Sander Gjerde sluttresultatet til 11-2 for Hasundgot.

Ein totalt sett solid gjennomført kamp av Hasundgot, som i periodar viste svært god offensiv fotball med flott oppbygging av angrepet.

Til å vere første kamp denne vinteren, var dette ein god prestasjon av unggutane.

KAMPFAKTA
Treningskamp
Hasundgot G19 – Hødd G19 11-2 (4-2)
Hasundgot stadion
Dommar: Birger Breivik, Volda TI

Laget (4-4-2): Kristian Sundal – Stian Pedersen, Simon Haddal Spjutøy, Jonatan Ringstad Dimmen, Aleksander Vågen – Daniel Rokseth Skeide, Odd Hofseth Hatløy, Nicolai Vik, Håvard Vik – Johannes Meinseth, Elias Skeide Rooney

Innbytarar: Gabriel Løset, Nedim Mujic, Håvard Fiskaa, Erik Hatløy, Loke Mork, Paul Våge, Sander Gjerde