Kontrollert siger mot Åmdal

Hasundgot hadde full kontroll i første kamp i OBOS-cupen.

For første gong dette kalenderåret fekk Hasundgot kjenne på fotball som var teljande, då Åmdal kom på besøk i den aller første av tre gruppespelskampar i OBOS-cupen.

Åmdal spelar denne sesongen i 6.-divisjon, men kunne tidleg i kampen sjokkere heimelaget – som vil spele ein divisjon over i år.

Etter ei felling i 16-meteren fekk Åmdal eit straffespark, men frå 11-metersmerket psyka Hasundgots keeper ut straffeskyttaren og ballen gjekk godt over mål.

Då slo heller Hasundgot tilbake.

Førsteomgangen var halvspelt då eit mønsterangrep på venstresida gjorde at Sebastian M. Kleven ekspedere eit innlegg i Åmdal-buret. 1-0!

Heimelaget produserte ein del halvsjansar utover i omgangen, men klarte ikkje å få ballen i nota endå ein gong før det stod dryge fem minutt att før pausesignalet skulle kome.

På ei nesten identisk scoring auka Sebastian leiinga til 2-0, som også vart pauseresultatet.

Etter sidebytet var det om å gjere å kontrollere kampen best mogeleg. Hasundgot-forsvaret nekta adgang for det aller meste som kom deira veg, men så – eitt minutt før ordinær tid – glapp det bakover.

Åmdal snappa ballen idet Hasundgot prøvde å spele seg ut bakfrå, og via tverrleggjaren reduserte bortelaget til 1-2.

Men spenninga varte ikkje lenge, for Hasundgot gjekk så å seie rett i angrep. Ballen vart først klarert til ein corner, og på den påfølgjande corneren var Thomas Gjerde sterk i duellspelet og krangla inn 3-1.

Det var også det siste som skjedde, og i eit kaldt og ufyseleg vêr på «Gotta» innkasserte Hasundgot første siger i gruppespelet. Neste kamp vert mot Giske laurdag 9. mars. Vi gler oss til ein dagstur til Giske!

Kampfakta

OBOS-cup, 1. kamp
Hasundgot – Åmdal 3-1 (2-0)
Hasundgot kunstgras
Dommar: Niklas Bertil Hurlen Spets (Aalesunds FK)
MÅL: Sebastian M. Kleven (2), Thomas Gjerde (1)

Laget (4-3-3): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Nedim Mujic, Stian Pedersen – Nicolai H. Molvær, Thomas Gjerde, Sebastian M. Kleven – Jørgen Kleiven, Ruben Muren (K), Elias Rooney

Innbytarar: Daniel Muren, Daniel Hatløy, Nicolai F. Vik, Ole Kristian S. Skoge, Svein Eirik Ertesvåg, Ivar Aadland, Martin Ødegård