17. mai 2021

Vik klar for retur til Hasundgot

Etter å ha trena med Hasundgot i vinter, er 18-åringen klar for eit nytt opphald i klubben.

Rett før helga leverte Nicolai inn overgangsskjema for å melde overgang til Hasundgot, og ungguten er no speleklar idet vi no går inn i ny veke.

Debuten for «gamleklubben» har Nicolai allereie fått, ettersom han var med på laget då G19 spelte treningskamp mot Hødd, der han teikna seg på scoringslista to gonger.

Dette blir Nicolais andre opphald i klubben, for han melde overgang til Hasundgot tilbake i 2015-sesongen då han var innom både G16 og G19.

Både før og etter dette året har han vore ein del av Hødds aldersbestemte lag.

I løpet av tida i Hødd har han totalt spelt 75 kampar for ulike aldersbestemte lag, samt Hødds tredjelag i 6.-divisjon.

Nykomaren kan brukast både defensivt og på midtbanen, og kjem inn som eit godt tilskot i gruppa.

Som mange av dei andre signeringane i vinter held han naturlegvis også junioralder, og kan bidra både på G19 og seniorlaget.

Vi ønskjer Nicolai velkomen tilbake til Hasundgot!