Før kampen: Aksla (H)

Ny treningskamp laurdag når divisjonskollega Aksla kjem på besøk.

Etter å hatt ei veke spelefri frå OBOS-cupen er det klart for ein ny test når Hasundgot tek imot Aksla IL til treningskamp på Hasundgot stadion laurdag.

Aksla er denne helga på Teambulingstur i Ulsteinvik, og då klaffa det seg for begge lag å møtast til dyst for å byggje opp kampforma fram mot seriestart – som berre er ein månads tid unna.

Dei to laga skal spele i same divisjon komande sesong, begge som nyopprykka lag frå to ulike avdelingar i fjorårets 6.-divisjon.

Det er heller ikkje lenge sidan laga møttest sist. Saman med Vigra, spelte Hasundgot og Aksla om KM-tittelen i fjor haust.

Den gongen møttest dei to laga på Ratvika stadion, og etter ei sein scoring tok Aksla tre poeng i kampen om den gjeve tittelen. Dessverre for både Hasundgot og Aksla sin del vart det Vigra som stakk av med KM-tittelen, etter dei slo Hasundgot 3-1 i den siste og avgjerande kampen.

Om du ønskjer å sjå ein artig fotballkamp, er du sjølvsagt hjarteleg velkomen til Hasundgot stadion laurdags føremiddag! Avspark vert laurdag (16. mars) klokka 12:00.

Treng du ein påminnar? Følg Facebook-hendinga vår!

KAMPFAKTA

Treningskamp
Hasundgot – Aksla
Hasundgotstadion
Dommar: Dagfinn Tjervåg

Avspark: 16.mars, kl 12:00