Dei byta på å leie, men Hasundgot dro til slutt i hamn sigeren.
Komande sesong stiller Flø lag i 11ar-serien for første gong sidan 2013, og for å byggje opp kampforma før comebacksesongen avtalte Hasundgot juniorspelarar ein treningskamp med dei grønkledde måndag kveld.
Det tok ikkje lange tida før Elias Skeide Rooney sette inn kampens første scoring, etter at vertane på Hasundgot stadion rulla opp på venstresida, slo «45 grader inn.» Elias fekk dermed ein enkel jobb med å setje inn 1-0 etter dryge ti minutts spel.
Juniorane hadde fleire store sjansar til å auke leiinga, men ballen ville rett og slett ikkje finne vegen forbi bortelagets sisteskanse.
Det var derfor då ekstra surt då Flø utlikna med eit perlefrispark frå om lag 20-25 meter som suste rett i vinkelen. Då viste kampuret om lag 30 minutt, og stillinga 1-1 heldt seg heilt til pause.
Men det var først etter sidebytet at måla skulle kome.
Etter eit gjennomspel i midten tok Flø leiinga tidleg i den andre omgangen, men knappe 5-6 minutt seinare sette Elias inn sitt andre for kvelden og sørgja for at laga var like langt.
Det vart derimot ei kortvarig glede, for det gjekk sanneleg ikkje meir enn 5-6 minutt før Flø igjen tok leiinga. Denne gongen etter litt såkalla «klabb og babb» framfor Hasundgots mål, som til slut endte med at gjestene fekk fyrt av eit skot mot målet til Kristian Sundal. 2-3!
Jonas Våge Overå ville derimot ikkje gå med på eit tap på heimebane, og etter at Hasundgot snappa opp ein laus ball inne i Fløs 16-meter fekk angriparen akkurat nok tid og rom inne i boksa til å setje eit innlegg frå høgre rett i kassa.
Då fekk Hasundgot trua på at sigeren kunne sikrast, for like etter stanga Nicolai Molvær inn 4-3 på bakarste stolpe.
Dramatikken var derimot ikkje over heilt over enno.
Heilt på tampen glapp det igjen bakover for Hasundgot, og Flø utlikna til 4-4.
Då såg kampen ut til å ebbe ut i uavgjort, men godt inne i overtida førte gode offensive kombinasjonar til at Daniel Skeide stå heilt åleine framfor målet til bortelaget. Kanten var nådeløs; 5-4. Game. Set. Match.
Ein kampen med mange twists and turns, som heldigvis endte med siger til slutt.
Om ikkje anna fekk dei tryge 15-20 tilskodarane sjå ein spanande kamp, med mange flotte scoringar. Det varma nok bra, under iskalde forhold på stadion.
Kampfakta
Treningskamp
Hasundgot G19 – Flø 5-4 (1-1)
Hasundgot stadion
MÅL HIL: Elias Rooney (2), Jonas Overå, Nicolai Molvær, Daniel Skeide
Laget (4-3-3): Kristian Sundal – Erik Hatløy, Simon Spjutøy, John Olav Hatløy, Håvard Fiskaa – Nicolai Molvær, Sander Ringstad, Håvard Vik – Daniel Skeide, Jonas Overå, Elias Rooney
Innbytarar: Martin Gjerde, John Arne Apelseth, Aleksander Vågen, Elling Våge, Odd Hatløy
