Hasundgot IL hadde årsmøte tysdag kveld.
Eit godt oppmøte på årsmøtet 2019 sørgja for at det vart god diskusjon rundt årsmøtesakene.
Idrettslagets årsmeldingar, og derunder gruppeårsmeldingane, vart samrøystes godkjende.
Rekneskapen for 2018 vart også gått gjennom, og klubbkasserer Gunnar Bigset tykte at alt i alt var det eit greitt år.
Prosjekt fotballhall
Idrettslaget gjekk om lag kr 16.000 i minus i 2018, men ein tek med seg at for det kalenderåret var det også store eingongsutgifter. Dette til dømes knytt til materiellinnkjøp i samband med byte av utstyrsleverandør.
Årsmøtet tok også opp innkomne saker, der den einaste innmelde saka var prosjekt ny fotballhall ved Hasundgot stadion.
Etter ein presentasjon frå Hovudstyret, var årsmøtet positive til å jobbe vidare med eit slikt prosjekt, der ein ser på å byggje fotballhall i samband med ein ny barnehage. Årsmøtet vedtok derfor å be hovudstyret gå i nærmare dialog med Ulstein kommune for å sjå på eventuelle løysingar.
I budsjetthandsaminga for 2019, var det skissert nokre prosjekt på anlegg. Mellom anna ønskjer anleggsnemnda å byggje ny tribune av tre på eksisterande betongtribune, slik at ein kan montere stolar. I tillegg vert det ein del invsteringsbehov i ved kummane rundt kunstgrasbanen for å fange opp granulat som er på avveg.
Val av ny leiar
Avlsutningsvis var det klart for val av nye medlemmer til å sitje i ulike styrer og verv.
Som Bergset sin etterfølgjar som ny leiar av Hasundgot IL sitt hovudstyre, vart Eirik Lorentzen vald.
Årsmøtet ville med det takke Bjarte Bergseth for innsatsen dei siste års som leiar for idrettslaget. Men Bergseth er på langt nær ferdig med sitt engasjement, ettersom det vart fremja forslag om at han tek over som sponsoransvarleg. Dette takka Bergseth også ja til, og vart vald.
I tillegg vart Gunnar Bigset vald att som kasserer i hovudstyret.
Andre leiarar som vart valde var:
- Martin Løset – Fotballgruppa
- Torill Haddal – Økonominemnda
- Rune Leine-Dimmen – Hus og anlegg
- Gry Antonsen – Trimgruppa
Fullstendig liste over verv og styresamansetjingar vert å bli oppdatert i Hasundgot IL si organisering så snart alt er ferdigstilt.
