OBOS-cup: overtidsscoring sikra eitt poeng

LGFK fekk to kjappe, men Hasundgot kom kraftig tilbake etter pause.

Etter å ha teke poeng i begge dei to føregåande kampane i årets OBOS-cup venta (på papiret) den tøffaste oppgåva til siste kamp når LGFK var motstandar.

Denne sesongen er det éin divisjon mellom laga, men det var lite som skulle tyde på det i opninga.

Vertane på River Plate var laget som fekk halde mest i ballen innleiingsvis, men dei heilt store trugslane framfor Hasundgot-målet lot vente på seg.

Begge lag hadde nokre halvsjansar som kunne ha blitt skummelt, men kampen såg ut til å ebbe ut i 0-0 til pause.

Men så fekk Hasundgot ein hard leksjon i effektivt angrepsspel.

Fem minutt før sidebytet klemde Sondre Bringsvor til utanfor 16-meteren til Hasundgot. Bringsvor fekk eit draumetreff og ballen suste inn i vinkelen.

Berre to minutt seinare fekk same mann mogelegheita til å losne eit nytt skot frå liknande hald, og jamen gjekk ikkje den også inn på nesten identisk måte.

To skot, to fulltreffarar.

Det føltest svært urettferdig for bortelaget, som hadde ein klar ambisjon om å rette opp inntrykket i dei siste 45.

Og etter å ha kjempa og stått på, skulle det omsider losne.

Midtvegs i 2. omgsng fekk Sebastian Kleven ballen ute til venstre, drog seg inn mot midten og sendte av stad ein markkrypar som smatt inn i den lengste sida.

1-2 og håpet var tent!

Til tross for scoringa såg det lenge ut til at dei gulkledde skulle ri inn ein knipen siger, men så langt inne i overtida skulle den etterlengta utlikninga kome.

Etter god jobbing ute på venstreflanken, fekk Daniel Muren avslutta frå skrå vinkel. Med litt tur sneik ballen seg inn; 2-2!

Det vart også sluttresultatet, som samla sett må seiast å vere eit særs godt resultat.

Det betyr at Hasundgot sikra seg ein solid 2.plass i gruppespelet, og er klare for mellomrunden i OBOS-cupen.

Kampfakta

OBOS-cup

LGFK – Hasundgot 2-2 (0-2)

Gursken River Plate

Mål HIL: 1-0 Sondre Bringsvor (40), 2-0 Bringsvor (42), 1-2 Sebastian Kleven (65), 2-2 Daniel Muren (90)

Laget (4-3-3): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Nedim Mujic, Stian Pedersen – Nicolai Molvær, Thomas Gjerde, Sebastian Kleven – Johannes Meinseth, Ruben Muren (k), Nicolai Vik

Innbytarar: Håvard Fiskaa, Martin Ødegård, Sander Ringstad, Daniel Muren, Cato Veien, Elias Rooney, Håvard Vik

Foto: Erik Heimdal/Vikebladet Vestposten