OBOS-cup: uavgjort i jamn kamp

(GODØY KGB): Giske og Hasundgot delte poenga broderleg i 2. runde.

Mot Åmdal sist runde vart det ein relativt komfortabel siger. Langt tøffare vart det då herrelaget tok turen til Godøy, som hade lånt ut stadionanlegget sitt for at Giske og Hasundgot skulle få spele andre runde i OBOS-cupen.

Hasundgot fekk derimot ein lei start på kampen.

Som ei følgje av nøling og misforståing mellom keeper Joakim Rødven og Håvard Fiskaa endte den unge backen opp med å spele ballen forbi eigen målvakt. Ballen vart så pirka i mål av Giskes spydspiss; 1-0 til heimelaget.

Vertane kunne auke leiinga til 2-0 ikkje lenge etter, men denne gongen var Hasundgots sisteskanse betre med på notane og fekk slått avlutninga ut til eit hjørnespark.

Hasundgot sleit med å spele seg fram til dei heilt store sjansane, og det aller meste av banespelet gjekk føre seg rundt midtbanen.

Stillinga heldt seg til pause, og det ønskte dei grå og neongule frå Dimnøya å rette opp etter sidebytet.

Med ein litt meir offensiv mentalitet i 2. omgang klarte Hasundgot å setje inn eit litt større trykk, og sjølv om dei store målsjansane let vente på seg skulle bortelaget få noko å juble for.

Ein lang ball vart slått opp frå forsvarsleddet, og Sebastian Kleven jaga ballen som var på veg inn mot keeper. Kleven gjekk opp i duell med keeper Robert Sundby, som miste ballen. På returen kom innbytar Sander Gjerde og pirka inn 1-1, til frustrasjon for heimelaget – som meinte scoringa burde ha blitt annullert for det som blir omtalt som angrep på keeper.

Scoringa vart derimot godkjent, og Hasundgot fekk blod på tann etter utlikninga.

Dessverre, for begge lag, vart kampen svært oppstykka etter scoringa, og effektiv speletid siste 15-20 minutta av oppgjeret vart nok på nivå med kampen mellom Stoke og Watford i februar 2018, der ballen var i spel under 50 prosent av tida.

Kampen ebba derfor ut i uavgjort, eit resultat som eigentleg ingen av laga var spesielt nøgde med.

Uansett, cup er cup og vi tek med oss det eine poenget vi fekk.

No ventar det ei veke pause frå OBOS-cupspeling, men til helga ventar ei ny utfordring då vi tek imot opprykkskollega Vigra IL til treningskamp på Hasundgot stadion.

Kampfakta

OBOS-cup, 2. runde
Giske – Hasundgot 1-1 (1-0)
Godøy KGB
MÅL: Sander Gjerde 1-1

Hasundgot (4-2-3-1): Joakim Rødven (K) – Marius Muren, Simon Spjutøy, Nedim Mujic, Håvard Fiskaa – Nicolai Molvær, Stian Pedersen – Johannes Meinseth, Sebastian Kleven, Håvard Vik – Elias Rooney

Innbytarar: Sander Gjerde, Joakim Skarbø, Daniel Muren