8. desember 2021

Tapte til tross ei solid opphenting

Hasundgot henta inn 0-2 til 2-2, men på tampen sette Aksla inn den avgjerande scoringa.

Det var gode mogelegheiter for å sjå kvar ein ligg i forhold til konkurrentane våre til komande sesong i 5.-divisjon, ettersom divisjonskollega Aksla kom på besøk i føremiddag.

Etter ei jamn opning, var det beklagelegvis gjestene som skulle ta første stikk.

Aksla fekk først avslutte frå om lag 20 meters hald. Den parerte keeper Joakim Rødven og slo ballen ut til eit hjørnespark.

På den påfølgande corneren gjekk det derimot ikkje fullt så bra, og Aksla fekk pirka inn 1-0 på Hasundgot stadion etter at ein Aksla-spelar heada ballen ned i bakken og inn via tverrleggjaren.

2-0 kom ikkje så lenge etter, ei scoring som kom etter at gjestene rulla opp på si venstreside, spelte «45 grader inn» og satte ballen kaldt og roleg i mål.

Bortelaget gjekk derfor til pause med ei, tilsynelatande, trygg leiing, men det skulle endre seg raskt i 2. omgang.

Berre 2-3 minutt etter sidebytet vart ballen spelt i bakrom og hurtigtoget Daniel Muren sette på turboen. Angriparen smatt seg gjennom og satte klinisk inn reduseringa til 1-2.

Halvvegs ut i omgangen kom også utlikninga til 2-2, etter at kantspelaren Håvard Vik var siste på ballen.

Hasundgot var langt betre med i oppgjeret etter sidebytet, men det ville seg ikke denne gongen.

Om lag 12-13 minutt før full tid vart ein Aksla-angripar felt i Hasundgots målfelt, og dommar Taher Tamimi peika på straffemerket. Den sjansen til dei raudkledde vare på; 3-2 til Aksla.

Men Hasundgot hadde absolutt sjansane til å vippe kampen sin favør. To stolpetreff bidro til å frustrere heimelaget, og den tredje scoringa ville rett og slett ikkje kome.

Det endte dermed med eit knipent tap, i ein kamp som kunne ha gått begge vegar. Uansett, treningskamp er treningskamp og det vert heldigvis ikkje delt ut poeng før ut i april.

Neste test no er førstkomande torsdag, då vi tek turen til River Plate (i Gursken, ikkje Argentina) for å bryne oss mot Larsnes/Gursken i siste gruppespelskamp i OBOS-cupen.

KAMPFAKTA

Treningskamp
Hasundgot – Aksla 2-3 (0-2)
Hasundgot stadion
MÅL: 1-2 Daniel Muren (48), 2-2 Håvard Vik (67)
Dommar: Taher Tamini

Laget (4-3-3): Joakim Rødven (K) – Svein Eirik Ertesvåg, Nedim Mujic, Thomas Gjerde, Håvard Fiksaa – Sebastian Kleven, Mats Bigset, Nicolai Molvær – Elias Rooney, Jørgen Kleiven, Daniel Muren

Innbytarar: Kristian Sundal, Marius Muren, Ruben Muren, Nicolai Vik, Sander Ringstad, Cato Veien, Håvard Vik

Situasjonen i forkant og scoringa til 1-0:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Situasjonen som førte til corner før 0-1, samt scoringa, i dagens kamp mot Aksla ⚽️ #hgot #Hasundgot #treningskamp #preseason

Et innlegg delt av Hasundgot IL (@hasundgotil)