Tøff motstandard i Folkestad/Volda 2 i damelagets første test denne sesongen.
Det er dryge tre veker att til sesongen startar for Hasundgots damelag, som i år stiller lag i 7ar-serien på Sunnmøre.
For å få ein liten peikepinn på kor laget står inn mot sesongstarten vart det avtalt ein treningskamp mot Folkestad/Volda 2, som vil spele i same avdeling det komande året.
Hasundgot hadde ein plan om å liggje strukturert og kompakt i starten for å «kjenne litt på kampen» i opninga. Dette starta greitt, og laget heldt godt følgje med vertane på Volda stadion.
Om lag 13 minutt ut i kampen kom derimot den første av tre kjappe baklengsmål, alle i løpet av tre små minutt. Då det fjerde målet imot kom, forsøkte Hasundgot å gjere nokre små taktiske val for å få fleire spelarar i dei kritiske sonene.
Det mangla absolutt ikkje på sjansar for Hasundgot-damene, men dessverre var både stolpen og keeperen i vegen, i tillegg til at nokre gode avslutningsforsøk gjekk like utanfor målet til Folkestad/Volda.
Over i andre omgang var kampbiletet mykje av det same, og sjølv om kampen bølgja fram og tilbake begge vegar var det utan tvil heimelaget som var kvassast framfor målet.
Hasundgot heldt fram med å produsere sjansar, men Folkestad/Volda-keeperen hadde bestemt seg for å stenge buret denne kvelden. Vertane fastsette derfor sluttresultatet til 11-0 dryge to minutt før full tid – i ein kamp som like gjerne kunne ha endte 10-6 om Hasundgot hadde hatt litt tur.
Uansett var dette ei god gjennomkøyring for damene, som fekk spele sin første kamp dette kalenderåret. Laget fekk i alle fall ei god treningsøkt og nokre gode svar på kva som trengs å bli trena meir på i tida framover.
Kampfakta
Treningskamp
Folkestad/Volda II – Hasundgot 11-0 (5-0)
Volda stadion
Ca. 10 tilsk
Laget (2-3-1): Hedda Strømberg – Astrid Breivik, Katrine M. Pilskog, Aurora D. Bratli – Hanne Kristin Sundgot, Mari Hatløy – Martine S. Holstad
Innbytarar: Matilde S. Fjørtoft, Emilie S. Garnes, Helena Leirvik