26. juli 2021

Før kampen: Hovdebygda (B)

Endeleg er det klart for seriestart for herrelaget.

Etter fire sesongar i 6.-divisjon, er Hasundgot tilbake i 5.-divisjon og er klare til å bite ifrå seg på eit høgare nivå.

I sesongoppkøyringa har det vore mange gode resultat, og berre éin kamp har endt med tap. Det kom mot Aksla, etter at Hasundgot henta inn 0-2 til 2-2, før den avgjerande scoringa kom på tampen.

No er derimot alvoret igang og seriefotballen begynner å rulle når Hasundgot tek turen til Hovdebygda kunstgras torsdag kveld.

Sist laga møttest i teljande samanheng var tilbake i 2014, det året Hasundgot rykka ned frå 5.-divisjon. Den gongen vart det tap 0-8 og 0-7. Det er noko vi ønskjer å rette opp i torsdagens møte.

Hasundgot stiller med eit ungt og slagkraftig lag, med heile fem nykomarar av året. Stian Pedersen, Nedim Mujic, Johannes August Meinseth, Niklas Thorseth Schmidt og Nicolai Fjørtoft Vik er alle med i troppa denne kampen, alle frå Hødd.

Kampdetaljar

5.-divisjon, runde 1
Hovdebygda – Hasundgot
Hovdebygda kunstgras
Avspark torsdag 18.30

Dommartrio:

  • Hovuddommar: Steinar Hjelle (Sunnylven IL – Fotball)
  • Ass.dommar 1: Richard Olsen (Åmdal IL, Ørsta – Fotball)
  • Ass.dommar 2: Birger Elias Breivik (Volda TI – Fotball)

Tropp:

1 Joakim Andreas Yksnøy Rødven
2 Stian Pedersen
3 Nedim Mujic
4 Simon Haddal Spjutøy
5 Marius Hauge Muren
6 Sebastian Moldskred Kleven
7 Nicolai Haddal Molvær
8 Thomas Edvard Gjerde
9 Jørgen Skogestad Kleiven
11 Daniel Muren
14 Johannes August Meinseth
16 Nicolai Fjørtoft Vik
19 Elias Rooney
20 Martin Fiskaa Ødegård
21 Cato Veien
22 Niklas Thorseth Schmidt
23 Mats Bigset
24 Svein Eirik Liaset Ertesvåg

Oppgjer seg i mellom:

  • Hovdebygda 8 – 0 Hasundgot (21.08.2014 – 5. div. menn)
  • Hasundgot 0 – 7 Hovdebygda (30.04.2014 – 5. div. menn)
  • Hasundgot 4 – 3 Hovdebygda (21.08.2013 – 5. div. menn)
  • Hovdebygda 2 – 0 Hasundgot (01.05.2013 – 5. div. menn)
  • Hovdebygda/Volda 2 4 – 3 Hasundgot (14.10.2012 – 5. div. menn)
  • Hasundgot 4 – 2 Hovdebygda/Volda 2 (20.06.2012 – 5. div. menn)

Hasundgot sin kampar i oppkøyringa:

  • Ørsta (1-1) – Treningskamp
  • Åmdal (3-1) – OBOS-cup
  • Giske (1-1) – OBOS-cup
  • Aksla (2-3) – Treningskamp
  • LGFK (2-2) – OBOS-cup
  • Vigra (3-2) – Treningskamp

I tillegg deltok herrelaget på Søre Cup i vinter. Der vart det ein tredjeplass, etter å ha blitt slått av Moltu i semifinalen.