Før kampen: SIF/Hessa (H)

Etter to års pause, er damelaget i gang med seriefotball igjen tysdag kveld.

Sist gong Hasundgot stilte lag i seriespel var tilbake i 2016. Den gongen vart det ein 2.-plass i avdeling 1 – berre to poeng bak serievinnar Volda 2.

I nyare tid var det kanskje 2015-sesongen ein hugsar best. Då vart vart det ein klar tabelltopp med seks poengs klaring i avdeling 2, etterfulgt av KM-sluttspel mot Guard (som Ålesund-laget vann med god margin).

No er damene klare for å ta fatt på ein ny sesong i 7arserien, og skal møte Emblem, Folkestad /Volda 2, Guard, SIF/Hessa, Skodje og Ørsta 2.

Les også: Tap i første treningskamp

Serieopninga kjem i morgon, tysdag, heime mot SIF/Hessa, som kom på ein 5.-plass (av seks lag) i fjor.

Hasundgot har ei god treningsgruppe med ein miks av både unge spelarar frå fjorårets J16 og rutinerte «veteranar» som har vore med Hasundgot i tidlegare år eller i andre klubbar.

Av nye spelarar i vår har Hasundgot henta Katrine Pilskog og Aurora Bratli Dimmen frå Hødd, i tillegg til Martine Svendsen Holstad frå Hareid og Mari Hatløy som har kome attende frå Haddal.

Les også: Bratli og Pilskog klare for Hasundgot

Resten av stallen er frå eigen klubb, anten frå yngre lag eller spelarar som vore registrert i Hasundgot frå tidlegare år.

Ta gjerne turen til årets aller første seriekamp!

Kampfakta

Kvinner, 7ar
Hasundgot – SIF/Hessa
Hasundgot kunstgras
Dommar: Kristian Sundal

Tropp: Angelica Berstad, Astrid Breivik, Aurora Dimmen Bratli, Emilie Sporstøl Garnes, Gry Beate Sundgot Antonsen, Hanne Kristin Dalhaug Sundgot, Hedda Victoria Djupvik Strømberg, Helena Leirvik, Karoline Breivik, Mari Hatløy, Mari Sundgot, Martine Svendsen Holstad, Matilde Sundgot Fjørtoft, Angel Nguyen