Klart for sesongstart!

Desse Hasundgot-laga spelar kampar i veke 17.

Toppfotballen har allereie starta sesongen, men denne veka starta også breiddefotballen opp med offisielt seriespel. Herrelaget og G16 har allereie spelt kampar i OBOS-cupen, men ordinær sesong startar først no.

Vårt G14-lag (7ar) var det første laget i «elden», og vann imponerande 10-3 borte mot Folkestad tysdag kveld.

Vidare denne veka spelar G14 (9ar) i kveld, onsdag, heime mot byrival Hødd.

Herrelaget serieopnar borte mot Hovdebygda torsdag, medan G16 og G12 spelar fredag. G16 møter Volda heime, medan G12 reiser til Tjørvåg.

Vi ønskjer alle lag lukke til med seriestarten!

Kampar veke 17:

  • G14.07 (tysdag), Folkestad – Hasundgot/Haddal 2. Resultat: 3-10
  • G14.09 (onsdag 18.30), Hasundgot/Haddal 1 – Hødd 2, Hasundgot kunstgras
  • 5. div. menn (torsdag 18.30), Hovdebygda – Hasundgot, Hovdebygda kunstgras
  • G16 (fredag 18.30), Hasundgot – Volda, Hasundgot kunstgras
  • G12 7ar (fredag 18.30) Tjørvåg – Hasundgot, Tjørvåg stadion