Klubbdommarkurs onsdag 10. april

Hasundgot arrangerer dommarkurs på klubbhuset.

Kurset vil vare frå klokka 18.00 til om lag 21.00. I løpet av denne samlinga vil det bli gitt ei veldig enkel innføring og er over på éin kveld.

Idrettslaget arrangerer dette kurset for å styrke dommarteamet i klubben, som vil vere naudsynt for å kunne avvikle alle kampane i dei yngre årsklassene.

Dette kurset er også ope for foreldre eller andre som ønsker å bidra i Hasundgot IL.

For ytterlegare spørsmål ta gjerne kontakt med vår dommaransvarleg:

Dagfinn Tjervåg
48314063
dagfinn.berg.tjervaag@if.no

Vel møtt!