Knipen siger etter overtidsscoring

I generalprøva vart det ein dramatisk siger mot divisjonskollega Vigra.

Fjorårets sesong vart runda av med 3-1-tap mot Vigra, som til slutt enda opp med å vinne KM-tittelen blant opprykkslaga i 6.-divisjon.

Laurdag ettermiddag møttest laga til dyst igjen, i samband med at gultrøyene er på ein treningsleir i Fosnavåg denne helga.

Kampen ville gi begge lag ein liten peikepinn på korleis laga står, dryge tre veker før seriestart. Og det var gjestene som kom best igang.

Det var ikkje mange minutta som var spelte då det oppstod ein kontroversiell situasjon på Hasundgot stadion. Vigra sette ballen i mål etter at keeper Joakim Rødven hadde blitt runda 1-mot-1, men Hasundgot-spelarane var heilt overtydde om at scoringa burde ha blitt annullert for ein offside.

Scoringa vart derimot ståande, og Vigra gjekk opp til 1-0.

Vertane fortsette å presse på utover i omgangen, og tvang fram to gode redningar av Vigras sisteskanse.

Målet såg derimot ikkje ut til å kome lett, men heilt på tampen av den 1. omgangen fekk spydspiss Nicolai Vik banke inn 1-1 etter å ha fått ballen lagt til rette av namnebror Nicolai Molvær.

Det gav heimelaget ei vitamininnsprøyting, for berre to minutt etter sidebytet var Nicolai på farta igjen. Etter ein flott soloprestasjon fekk spissen både tid og rom til å avslutte frå skrått hald, litt til høgre for mål. Ballen fekk ein perfekt boge og smatt inn i det lengste hjørnet.

Gleda vart derimot kortvarig.

I underkant av ti minutt seinare forsøkte Hasundgot-keeperen å setje igang kort på back, men eit høgt press frå bortelaget gjorde at gultrøyene vann ballen tilbake og sette inn utlikninga.

Siste halvtimen av kampen bølgja det fram og tilbake, utan at dei heile store scoringsmogelegheitene var å oppdrive. Kampen såg derfor ut til å ebbe ut i uavgjort.

Men så, godt inne i overtida, sette Hasundgot igang ei fantastisk kontring. Midtbanegeneral Sebastian Kleven spelte ballen flott i bakrom mot Elias Rooney. Kantspelaren tok med seg ballen framover på høgrekanten og slo hardt inn i feltet. Der smatt motsatt kant, Sander Ringstad, fram og pirka inn 3-2 for kvittrøyene.

Det hadde ikkje bortelaget tid til å svare på; Hasundgot kjempa til seg sigeren i ein eller tett og jamn kamp. Det var ei positiv oppleving, ettersom det no står att éi normal treningsveke før påskeferien. Deretter er det klart for seriestart mot Hovdebygda 25. april.

Kampfakta

Treningskamp
Hasundgot – Vigra 3-2 (1-1)
Hasundgot stadion
MÅL: 1-1 Nicolai Vik (45), 2-1 Nicolai Vik (47), Sander Ringstad (90)

Laget (4-3-3): Joakim Rødven (K) – Marius Muren, Simon Spjutøy, Nedim Mujic, Håvard Fiskaa – Nicolai Molvær, Sebastian Kleven, Stian Pedersen – Jørgen Kleiven, Nicolai Vik, Håvard Vik

Innbytarar: Kristian Sundal, Svein Eirik Ertesvåg, Sander Ringstad, Thomas Gjerde, Jonas Overå, Elias Rooney