Ny spelar klar for Hasundgot

Tidlegare Hødd-gut har meldt overgang rett før seriestart.

Etter å ha spelt aldersbestemt fotball for IL Hødd, er det no klart at Niklas Thorseth Schmidt (18) ver Hasundgot-spelar.

Midtbanespelaren signerte for sin nye klubb rett før påskeferien, og papirarbeidet har no gått gjennom.

Han er derfor speleklar for dei kvite og raude frå 18. april.

Niklas er som mange av dei andre nysigneringane i år framleis i junioralder, og kan derfor nyttast på både G19 og på herrelaget.

Den tidlegare Hødd-spelaren fekk i løpet av tida si i moderklubben 34 obligatoriske kampar for G14, G16, og G19 og 6.-divisjonslaget Hødd 3.

I tillegg har Niklas ei periode med High School-fotball i samband med eit utvekslingsår i Texas, samt erfaring som kicker i amerikansk fotball.

Velkomen til Hasundgot, Niklas!