Fotballforbundet innfører nye rutinar for kamprapportering i breiddefotballen.
Frå onsdag 24. april av oppmodar fotballforbundet (NFF) laga i breiddefotballen til å leggje inn resultat og hendingar som gule kort, byter og liknande fortløpande.
Systemet er også meir tilpassa mobil og nettbrett, i tillegg til skrivebordsversjonen.
Dette vil mellom anna bidra til å gjere kamprapporten raskare tilgjengeleg i etterkant av kampane.
Meir informasjon om denne endringa, samt alle nye «oppgåver» for trenarar og lagleiarar finn du i dette vedlegget frå NFF.
NFF ønskjer å presisere at for å kunne oppdatere «live» i kamprapporten må ein vere registrert som trenar eller kontaktperson i FIKS-systemet. Dette gjeld også berre for lag 13 år og eldre.
Det er også laga rettleiingsvideoar for den nye kamprapporteringa, som du kan sjå på fotball.no.