OBOS-cup: Møter Langevåg og Vanylven

Herrelaget tok seg vidare til mellomspelet i cupen. Desse møter dei i neste runde.

Etter å ha teke ein 2.-plass bak Larsnes/Gursken, var Hasundgot eitt av tre lag som tok seg vidare til mellomspelet i den nyoppretta cupen.

I mellomrunda er det klart for to tøffe utfordringar, i divisjonskollega Langevåg og fjorårets opprykksrival Vanylven.

Hasundgot sine kampar vert spelte søndag 2. juni (heime mot Vanylven) og sønda 23. juni (borte mot Langevåg).

Dei andre avdelingane:

Avdeling 1

Bergsøy, Spjelkavik 2, Harøy

Avdeling 2

Fjørtoft, Rollon, Giske

Avdeling 3

Langevåg, Hasundgot, Vanylven

Avdeling 4

Larsnes/Gursken, FK Sykkylven, Stranda