Bortetap mot Emblem

Det vart eit tap i ein jamn kamp mot laget frå Ålesund.

Med åtte spelarar var Hasundgot-damene budde på ein tøff bortetur i 2. serierunde.

Det starta derimot bra og det var ei jamn opning dei første ti minutta på Emblem kgb.

Dessverre kom det eit baklengsmål etter ei angrep frå heimelagets høgreside, sjølv om Hasundgot var inne i ein god periode.

Baklengsmål nummer to kom om lag ti minutt seinare, der det dessverre kom tre kjappe scoringar i løpet av ni minutt.

Hasundgot fekk ein litt betre start på den andre omgangen, og Martine Holstad reduserte til 1-4 fem minutt etter sidebyte.

Men dette var ikkje dagen det skulle Hasundgots veg, og Emblem la på til 5-1 og 6-1 utover i 2. omgang.

Prestasjonsmessig var det ein brukbar prestasjon av Hasundgot-damene, men dessverre kom vi litt til kort framfor begge måla.

Det kjem derimot ein ny sjanse til å ta årets første poeng når Hasundgot tek imot Skodje 20.mai.

Kampfakta

Kvinner 7ar
Emblem – Hasundgot 6-1 (4-0
Emblem kgb
Ca. 15 tilsk
MÅL HIL: Martine Holstad

Laget (2-3-1): Karoline Breivik – Astrid Breivik, Gry Antonsen – Mari Hatløy, Katrine Pilskog, Hedda Strømberg – Martine Holstad

Innbytar: Aurora Bratli