1. august 2021

Første tap for herrelaget

Det vart ein tung kveld på Ikornnes.

I dei to første seriekampane har det gått bra i sesongstarten, med siger og uavgjort mot antatt tøffare motstand.

Mot Sykkylven vart det derimot mager poengfangst.

Allereie etter 1,5 minutt skulle første baklengs kome. Eit innlegg vart slåyt mot bakre stolpe og keeper Joakim Rødven kom flygande ut for å bokse unna.

Dessverre vart det berre hól i lufta, og via ein Sykkylven-spelar gjekk ballen inn i det opne buret.

Nicolai Molvær hadde ein eventyrleg sjanse til å setje inn sitt tredje langskot på tre kampar, men denne gongen gjekk ballen i stolpen og ut.

Istaden kom heimelaget på ei kontring. Der vart det akkurat nok tid og rom mellom forsvararane og vertane kom åleine mot keeper. 2-0.

Dei mørkeblå tok med seg ei tomålsleiing til pause, men auka senne til 3-0 tisleg i 2. omgang etter at eit innlegg på fra venstre vart tuppa inn.

Sluttresultatet vart fastsett til 4-0 etter at eit nytt innlegg vart slått mot bakerste stolpe, der ein umarkert angripar fekk pirke inn kampens siste scoring.

– Resultatet lyg i mitt hovud. Tapet er greitt, men dei scora på dei sjansane dei hadde. Hadde vi hatt litt meir tur framfor mål hadde dette blitt ein heilt anna kamp, seier trenar Øystein Muren om kampen.

Kampfakta

5.-div, runde 3
Sykkylven – Hasundgot 4-0 (2-0)
Ikornnes idrettspark
Ca. 60 tilsk.
Dommar: Abbas Tamimi, Ørsta IL

Laget (4-3-3): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Thomas Gjerde, Stian Pedersen – Nicolai Molvær, Sebastian Kleven, Nicolai Vik – Johannes Meinseth, Cato Veien, Håvard Vik

Innbytarar: Mats Bigset, Niklas Schmidt, Elias Rooney, Daniel Muren, Ruben Muren