Flott bortesiger for Hasundgot mot Hjørungavåg.
Tysdag spelte Hasundgot G10 mot Hjørungavåg på Jomsvoll.
Heimelaget gjekk hardt ut frå start, hadde fleire gode sjansar, men klarte ikkje å sette ballen i mål. Solid innsats av keeper Njord som heldt buret reint for kvittrøyene!
Hasundgot gjekk så opp i 0-1-leiing etter scoring av Even. Like etter sette Gustav inn kampens andre scoeing for kvelden og sørgja med det for at leiinga vart auka til 2-0.
Hjørungavåg fekk ein gyllen sjanse til å skyte frå straffemerket, etter ein hands i feltet. Det ville Hasundgot-keeperen ikkje ha noko av, og redda straffesparket!
Midtstoppar Sebastian hadde god kontroll i forsvar, men like før pause klarte Hjørungavåg å redusere til 1-2.
Den andre omgangen vart endå meir målrik enn den første. Even scora to, Gustav putta eitt og Jakob satte ballen ytterlegare tre gongar i mål.
Hjørungavåg hadde tidvis ein ekstra spelar på bana for å gjere kampen litt jamnare.
Til slutt vart det ein flott siger til Hasundgot, med heile 8-4!
Etter fire spelte kampar har G10 no to sigrar, ein avgjort og eit tap.
Stå på gutar!
Rapport frå trenar og lagleiar
Lene og Sigbjørn