G16: starta sesongen med tap

Etter ein tøff start løfta Hasundgot seg i 2. omgang.

Med mange spelarar i årets utgåve av G16 har Hasundgot klart å stille to lag i serien denne sesongen.

For G16-2 starta sesongen med eit smell på bortebane mot Brattvåg.

Etter ein tøff start låg Hasundgot under 6-0 i det kampen runda halvtimen.

Hasundgot fekk redusere til 1-6, men utover i andre omgang sørgja ytterlegare to scoringar av heimelaget for at sluttresultatet vart 8-1 til Brattvåg.

Rapportane fra Brattvåg kunstgras var at gutane løfta seg sterkt etter pause og leverte ein flott 2. omgang. Dessverre var det ikkje mogeleg å ta igjen leiinga som vertane hadde fått før sidebytet.

Fantastisk miljø i laget, med stor stemning før og etter kamp, seier trenarane Martin Løset og Georg Aursnes til Hasundgot-redaksjonen.

Neste gong kjem sigeren, gutar! 💪⚽️