G19: ligg førebels på tabelltopp

Hasundgot får låne tabelltopp etter fire spelte kampar.

Etter fire spelte kampar har Hasundgot vunne to kampar og spelt to uavgjorte. Før Herds 2.-lag møter Spjelkavik 2 søndag ligg dei på tabelltopp i 3.-divisjon.

– Laurdag møtte vi MSIL i ein 9ar kamp og det var jamnt i 20 min før vi fikk 1-0, men etter det rant det inn jamt og trutt. Vi stoppa til slutt på 9-0, seier trenar Lars Breivik til Hasundgot-redaksjonen.

Breivik ønskjer også å nemne debutant Peter Myklebust, frå G16, som kom inn etter 30 min og like godt scora 2 av måla.

I vår har fleire G16-spelarar har fått prøve seg på juniorlaget og har vore veldig positive innslag. Loke Mork, Nikolai Aursnes, Paul Våge og Ulrik Farstad har alle fått prøve seg på eit nivå høgare så langt i år.

– Vi har endå ikkje tapt i år og det er ein veldig fin gjeng som aldri gir opp og spelar til tider veldig god fotball. Så det lovar godt for framtida, slår Breivik fast.

Føregåande kampar

Hasundgot starta sesongen med ein dramatisk 4-4-kamp mot Hødd på Høddvoll, som vart etterfulgt av ein slitesiger mot Brattvåg 2.

Juniorane sleit lenge med å finne den avgjerande scoringa mot eit lag som låg lågt, men gutane gav aldri opp. I det 75. speleminuttet losna det til slutt. Etter ein god kamp av alle spelarane, enda det til slutt 6-2 til Hasundgot.

Så reiste gutane til «Vika», der det var duka for ein sein kveldskamp mot Sjelkavik 2. Hasundgot dominerte kampen sjansemessig, men det var rett og slett dagen der ingenting skulle kome gratis.

Spjelkavik fekk eit straffespark og eit billeg mål, som gjorde at dei lenge leda 2-1, men 5 minutt før full tid fikk gutane utlikninga – i tillegg til nokre store sjansar som ikkje gav uttelling.