G19: målfest i lokalderby

Det vart ein målrik kamp for juniorane på Høddvoll.

Lars Breiviks gutar skulle serieopne mot Herd sist veke, men den kampen vart utsett.

Hødd på Høddvoll vart derfor årets første kamp for juniorane.

Ein svært spanande kamp å starte sesongen på for Breivik og hans utvalde. Det starta også kanonbra for Hasundgot.

Elias Skeide Rooney, som var innom Hødd-systemet nokre sesongar, opna scoringsballet allereie i det femte speleminuttet.

Angriparen følgde opp med ytterlegare to scoringar før halvtimen var spelt, og sikra seg med det eit ekte hattrick!

Sander Ringstad, som også har ei fortid hos dei blåkvite, sette inn 4-0 like etter. Dette var også den siste scoringa før pause.

Ein fotballfloskel heiter at «2-0 er ei farleg leiing.» Det viste det seg at 4-0 var desto farlegare.

Hasundgot vart komfortable med leiinga si, og i løpet av 16 minutt hadde dei blåkvite henta inn forspranget til 4-4.

Det var sjansar til å avgjere kampen, men det ebba til slutt ut i poengdeling.

– Det føles litt som eit tap, men det var også ei nyttig læring av at ein kamp aldri er avgjort etter første omgang, seier trenar Lars Breivik.

Kampfakta

G19 3.div

Hødd – Hasundgot 4-4 (0-4)

Høddvoll

Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg

Mål: Elias Rooney (3), Sander Ringstad (1)

Laget (4-3-3): Kristian Sundal – Erik Hatløy, Simon Spjutøy, John Arne Apelseth, Aleksander Vågen – Stian Pedersern, Odd Hatløy, Håvard Vik – Sander Ringstad, Elias Rooney, Daniel Skeide

Innbytarar: Nikolai Aursnes, Loke Mork, Jonatan Dimmen, Sander Gjerde, Martin Dimmen