J13: braksiger i første seriekamp

Kanonstart på årets sesong.

Onsdag ettermiddag vart sesongen sparka igang for Hasundgot sine jenter 13 år.

Jentene er ikkje ukjende med dette nivået, ettersom dei også stilte i denne årsklassa i fjor.

Årets sesong starta med heimekamp mot Bergsøy, og det var ein real målfest.

Etter ein solid kamp, der alle 8 jentene var på scoringslista, endte kampen heile 28-0 til Hasundgot.

Ein heilt fantastisk start på sesongen for J13 🙌😄