I helga deltok vårt J8/9-lag på årets første miniturnering.
Miniturneringa skulle i utgangspunktet bli arrangert på Folkestad, men på grunn av at den berømte «kong vinter» gjorde ein ny visitt på Sunnmøre, vart turneringa flytta til Mørehallen i Volda.
I løpet av turneringa spelte Hasundgot sine jenter tre kampar, mot høvesvis Sæbø, Gurskøy og Volda.
Kampane mot Sæbø og Gurskøy endte begge med siger, medan den siste kampen mot Volda endte i eit tap.
– Alt i alt ei kjekk oppleving for jentene, skriv trenarane til Hasundgot-redaksjonen.
Stå på jenter!