8. desember 2021

Klubbkveld med Macron 7. mai

Tysdag 7. mai vert det klubbkveld på Hasundgot klubbhus.

Her vil ein kunne sjå og prøve diverse utstyr frå vår utstyrsleverandør Macron, som også vil ha eit lite bord med spanande tilbod.

Klubbkvelden startar frå klokka 18.00 og vil halde på fram til klokka 20.00.

Dersom nokon skulle ha behov for å møte tidlegare eller seinare, kan materialforvaltar Kjetil Sundal vere disponibel ein time før og etter. Merk at før klokka 18.00 og etter 20.00 vert det transport av varer.

Vi håper å sjå deg på klubbhuset tysdag 7. mai!