Hasundgot gjekk rett i strupen på Ørsta 2 og leia med to mål etter fem minutt.
Mot Skodje sist veke tok Hasundgot sitt første poeng, og damene jakta årets første siger borte mot Ørsta 2 onsdag kveld.
Og det starta svært bra for Hasundgot.
Søstrene Kristin Helland og Anna Haddal scora kvart sitt mål før fem minutt var spelte, og sjokkerte vertane på Aurstad kgb.
Men Ørsta slo kraftig tilbake og snudde til 5-2 idet laga gjekk til pause.
Kristin reduserte til 3-5 tidleg i den andre omgangen, men Ørsta gassa på og fekk ytterlegare to scoringar.
Ti minutt før full tid sette Martine Holstad inn kampens siste scoring til 4-7, som også vart sluttresultatet.
Ein totalt sett godkjent prestasjon mot ein god motstandar, sjøĺv om det dessverre ikkje vart siger denne gongen.
Ny kamp allereie måndag, mot serieleiar Folkestad/Volda 2. Vi gler oss til å måle krefter med voldingane igjen, etter at vi møtte dei i treningskamp før påske.
Kampfakta
Kvinner 7ar
Ørsta 2 – Hasundgot 7-4 (5-2)
Aurstad KGB
Mål HIL: 0-1 Kristin Helland (1), 0-2 Anna Haddal (5), 5-3 Helland (50), 7-4 Martine Holstad (80)
Laget: Karoline Breivik – Gry Antonsen, Aurora Bratli – Hanne Kristin Sundgot, Kristin Helland, Matilde Fjørtoft – Anna Haddal
Innbytatar: Angel Nguyen, Martine Holstad, Hedda Strømberg