21. september 2021

Oppsummering av veke 18

Slik gjekk det i Hasundgot sine kampar denne veka.

J8/9: Deltok på årets første miniturnering. Der vart det to sigrar og eitt tap.

J11: Spelte bortekamp mot Hareid måndag kveld.

J12: Spelte bortekamp mot Volda Grøn torsdag kveld.

J13: Spelte heimekamp mot Bergsøy onsdag kveld. Kampen endte med imponerande 28-0-siger.

Damelaget: Spelte heimekamp mot SIF/Hessa onsdag kveld. Kampen endte med 14-4-tap.


G10: Spelte heimekamp mot Tjørvåg tysdag kveld.

G12: Spelte heimekamp mot Sæbø tysdag kveld.

G14 (9ar): Samarbeidslaget Hasundgot/Haddal spelte bortekamp mot Blindheim 2 måndag kveld. Kampen endte med 5-4-siger til Hasundgot/Haddal.

G14 (7ar): Samarbeidslaget Hasundgot/Haddal spelte heimekamp mot Vartdal tysdag kveld. Kampen endte med poengdeling etter resultatet 5-5.

G16-2: Spelte bortekamp mot Brattvåg 2 torsdag kveld. Kampen endte med 8-1-tap for Hasundgot.

G19: Spelte bortekamp mot Hødd onsdag, og så mot Brattvåg 2 allereie søndag. Kampen mot Hødd endte 4-4, medan kampen mot Brattvåg endte med siger 6-2.

Herrelaget: Spelte heimekamp mot Langevåg torsdag kveld. Kampen endte 2-2, etter at herrelaget hadde leia 2-0.

OBS: Resultat i kampar 12 år og nedover vert ikkje registrerte hos fotballkretsen, og Hasundgot-redaksjonen har derfor ikkje oversikt over utfallet i desse kampane med mindre det vert sendt inn resultat direkte til oss. Del gjerne kamprapportar med oss på e-post til redaksjon@hasundgot.no