Oppsummering av veke 21

Slik gjekk det med Hasundgot sine lag denne veka.

Måndag 20. april

* Damelaget spelte årets andre heimekamp, denne gongen mot Skodje. Etter ein svært underhaldande kamp med mange sjansar, vart det til slutt poengdeling med stillinga 3-3 på Hasundgot stadion.

Tysdag 21. april

* G10 spelte bortekamp mot Hjørungavåg. Her vart det mange mål, og Hasundgot vann kampen 8-4 på Jomsvoll.

* J13 tok imot Larsnes til 5ar-kamp på Hasundgot stadion. Der vart det ein kalassiger med resultatet 20-3.

* G14 var på bortetur til Spjelkavik, der dei møtte klubbens 2.-lag i 3.-divisjon. Vertane på Spjelkavik KGB vann kampen 6-0.

* G12 spelte også bortekamp mot Hjørungavåg. Kampar for lag under 13 år vert ikkje registrerte hos NFF, og resultatet er derfor ukjent for redaksjonen.

Torsdag 23. april

* Herrelaget gjesta Volda kunstgrasbane runde 5 i årets 5.-divisjon. Etter ein jamn kamp resultatmessig, vann Hasundgot til slutt 1-0 etter scoring av Håvard Vik.

* J12 spelte heimekamp mot Ørsta Svart. Kampar for lag under 13 år vert ikkje registrerte hos NFF, og resultatet er derfor ukjent for redaksjonen.

* G14 spelte bortekamp mot Hødd 2, der kampen vart spelt på «heimebane» Haddal stadion. Hødd vann kampen 4-1 etter at Hasundgot hadde teke leiinga 1-0.

Fredag 24. april

* G16-2 tok imot Herd 3 på Hasundgot stadion. Her hadde vertane god kontroll, og vann kampen til slutt 5-1.

Søndag 26. april

* G19 tok turen til Moa for å spele mot Herd 2. Ålesund-laget fekk ei scoring på straffespark etter 15 minutt, og det vart den einaste scoringa. Det vart derfor tap 1-0 for blåtrøyene.