Så nærme årets første siger

Det var ein spanande kamp, som til slutt enda 3-3 mot Skodje.

Det var ein spanande kamp då Hasundgot sitt damelag tok årets første poeng.

Hittil i årets sesong har det blitt to tap mot høvesvis SIF/Hessa og Emblem. Då Skodje kom på besøk måndag kveld kunne den første sigeren kome for Hasundgot-damene.

Men vertane fekk ein tung start med mål imot allereie etter 57 sekund.

Det sette ein vekkar i laget, som produserte sjanse på sjanse mot bortelagets sisteskanse. Dessverre stod både keeperen og stolpene i vegen, og den første scoringa sat frykteleg langt inne.

Men, i det 33. speleminuttet, skulle scoringa til slutt kome. Eit skot frå Angel Nguyen skifta retning i Emilie Garnes og sette keeper heilt ut av spel. 1-1!

Stillinga stod seg til pause, sjølv om Hasundgot var totalt overlegne i sjansestatistikken.

Over i andre omgang vart det sjansar begge vegar, men det vart ytterlegare to scoringar for begge lag sørgja for at det endte med poengdeling. Hasundgot sine scoringar vart scora av debutantane Kristin Marø og Kristin Helland.

Det vart derfor berre det eine poenget denne gongen, men dette var utan tvil årsbeste så langt og laget er i stadig utvikling. Kanskje kjem sigeren når vi reiser til Ørsta neste veke?

Kampfakta

Kvinner 7ar, runde 3
Hasundgot – Skodje 3-3 (1-1)
Hasundgot stadion
Ca. 20 tilskodarar
Dommar: Elling Våge
MÅL HIL: 1-1 Emilie Garnes (33), 2-2 Kristin Marø (69), 3-3 Kristin Helland (80)

Laget (2-3-1): Hedda Strømberg – Gry Antonsen, Kristin Helland – Mari Hatløy, Kristin Marø, Matilde Fjørtoft – Emilie Garnes

Innbytarar: Aurora Bratli, Katrine Pilskog, Angel Nguyen, Mari Sundgot