Scora fire, men tapte mot SIF/Hessa

Det mangla ikkje på underhaldning, men gjestene frå Ålesund vart for sterke over 90 minutt.

For første gong sidan hausten 2016 var det duka for ein seriekamp for Hasundgot sitt damelag. Sidan den gong var der mange nye ansikt, men også ein del «gamle kjente» på banen.

Og dei mange frammøtte på Hasundgot stadion skulle få sjå mange mål denne tysdagskvelden.

Allereie i det 7. speleminuttet fekk gjestene frå Ålesund etter at eit skot frå distanse smatt inn via stolperota.

Men Hasundgot svara raskt. Kvittrøyene vart tildelt eit frispark i god posisjon berre eit drygt minutt seinare, og den sette Mari Sundgot kontant i nota.

SIF/Hessa var derimot svært kvasse framfor målet til Karoline Breivik, og sette inn fire nye mål i løpet av dei neste 25 minutta.

Hedda Strømberg reduserte til 2-5 etter å ha snappa opp ein ball i målboksa til bortelaget, men ei ny scoring av dei raud-svarte zebratrøyene sørgja for at pauseresultatet vart 2-6.

Over i andre omgang scora både Martine Holstad og Emilie Garnes kvart sitt mål, men ytterlegare 8 scoringar av gjestene sørgja for at kampen til slutt enda 4-14.

Resultatmessig gjekk det ikkje heilt vegen, men prestasjonsmessig var dette eit steg i rett retning samanlikna med treningskampen mot Folkestad/Volda 2 tidlegare i vår.

I periodar spelte Hasundgot svært godt, men treng framleis tid til å bli samspelte som lag og ikkje minst bli trygge i posisjonane sine. Dette kjem seg når ein etter kvart får litt fleire treningar og kampar i beina.

Kampfakta

Kvinner, 7ar
Hasundgot – SIF/Hessa 4-14 (2-6)
Hasundgot stadion
Ca. 30 tilskodarar
MÅL HIL: 1-1 Mari Sundgot (9), 2-5 Hedda Strømberg (35), 3-7 Martine Holstad (53), 4-12 Emilie Garnes (79)
Dommar: Kristian Sundal, Hasundgot IL

Laget (2-1-2-1): Karoline Breivik – Aurora Dimmen, Astrid Breivik – Mari Sundgot, Gry Antonsen, Mari Hatløy – Martine Holstad

Innbytarar: Hedda Strømberg, Angel Nguyen, Helena Leirvik, Emilie Garnes, Hanne Sundgot, Matilde Fjørtoft