Ny tøff start for Hasundgot, men godt inne på overtida fekk vi med oss eitt poeng mot Herd 2.
Denne sesongen har herrelaget nesten gjort det til ein vane å gjere kampane vanskeleg for seg sjølv. I kampane mot Sykkylven og Vigra har det blitt baklengsmål i høvesvis 1, 5 og 9 minutt. Mot Herd 2 torsdag skulle det bli eit nytt tidleg baklengsmål, denne gongen etter dryge to og eit halvt minutt.
Eit innlegg frå kant vart teken ned av spydspiss Finn Christian Holthe Aakre, som fekk avslutte i god posisjon rett framfor mål. Keeper Joakim Rødven fekk ein fot på avslutninga, men ballen smatt under sisteskansen og inn i mål.
Gjestene frå Moa var det soleklart beste laget i opninga, og Hasundgot sleit med å få til det spele dei er vande med å vise hittil denne sesongen. Det straffa seg då Herd på nytt var frampå.
Etter å ha drege seg inn frå høgre, fekk Erlend Nicolai Fjeldstad all tid og rom han trong til å avslutte mot mål. Ballen fekk ein liten «deflection» og skrudde seg inn i Rødvens venstre hjørne.
Dei to scoringane av gjestene var dei einaste som dei drygt 30 tolmodige tilskodarane i pjuskevêret denne Kristi Himmelfartsdagen, men ein liten hårfønar i garderoben var det som skulle til for å motivere gutane.
Vikebladet (+): Dramatiske sluttminutt på Hasundgot stadion
Frå starten av andre omgang tok Hasundgot seg kraftig saman, og gjekk inn i dei siste 45 minutta med endå mein intensitet.
Utteljinga let derimot vente på seg, men midtvegs ut i omgangen skulle det endeleg losne.
Stian Pedersen, som hadde blitt flytta opp frå venstreback til indreløpar i pausen, kom på eit godt løp og plasserte inn eit perfekt innlegg frå lagkamerat Nicolai Vik. 1-2 og ny spenning i kampen!
Dessverre vart gleda kortvarig. For berre eit par minutt seinare slo Herd tilbake. Eit godt innlegg vart piska inn i feltet, og etter ein kollisjon mellom keeper, midtstoppar Simon Spjutøy og ein Herd-angripar, spratt ballen Herds veg.
Med litt tur vart avslutninga banka inn til 3-1, via stolperota.
Svært surt for heimelaget, men vi gav på ingen måte opp likevel.
For når det tikka sakte, men sikkert mot eit tap, var siste ordet i kampen langt ifrå sagt.
Pedersen hadde fått smaken av scoring for første gong i ein teljande kamp sidan 2017, og ville gjerne kjenne litt meir av den kjensla. Etter å ha motteke ballen ute til venstre gjorde han alt rett og plasserte ballen kontant inn i det nærmaste hjørnet.
Då fekk Hasundgot flammar i augene, og gjekk «all in» for å berge uavgjort. Og jamen skulle det ikkje skje også. Godt inne i overtida raga Nicolai Molvær høgast i feltet, og stanga inn 3-3 for Hasundgot!
Eit tydeleg prega Herd heldt nesten på å gi bort alle poenga heilt på tampen, men dessverre klarte ikkje vi å få inn den siste og avgjerande scoringa.
Det vart derfor poengdeling, i ein kamp truleg ingen av laga er spesielt nøgde med – men vi skal i alle fall ta med oss at vi viser ein enorm lagånd som kjempar heilt til siste slutt. Sterk lagånd har to gongar sørgja for at vi har henta inn 0-2 og fått minst eitt poeng i begge kampane.
Forhåpentlegvis klarer vi å plukke av oss uvanen med å gi bort tidlege baklengsmål allereie når vi møter Vanylven til OBOS-cupkamp søndag ettermiddag.
Kampfakta
5. div menn
Hasundgot – Herd 3-3 (0-2)
Hasundgot Stadion
Dommar: Ane Serine Dimmen, Volda TI
Mål HIL: 1-2 Pedersen (66), 2-3 Pedersen (87), 3-3 Molvær (90)
Hasundgot (4-3-3): Joakim Rødven (K) – Marius Muren, Nedim Mujic, Simon Spjutøy, Stian Pedersen – Nicolai Molvær, Thomas Gjerde, Nicolai Vik – Sebastian Kleven, Daniel Muren, Håvard Vik
Innbytarar: Kristian Sundal, Jørgen Kleiven, Elias Rooney, Cato Veien, Niklas Schmidt, Mats Bigset, Håvard Fiskaa