22. januar 2021

Slik betalar du enkelt treningsavgifta di

Alt kan no gjerast elektronisk – på 1-2-3.

For å gjere betaling av treningsavgift enklare for våre medlemmer, har Hasundgot IL no gjort betaling mogeleg gjennom Superinvite.

I dette systemet vel du di aktuelle årsavgift basert på alderstrinn.

Betaling skjer også elektronisk gjennom Superinvite sitt system.

Praktisk informasjon:

Treningsavgiften er kostnaden for å delta på eit lag i Hasundgot IL og skal dekke utstyr, seriespel (påmelding, forsikring, dommarutgifter etc.), turneringsdeltaking, banedrift sommar og vinter, klubbhus, garderobe, vedlikehald, administrasjon og eventuelle utgifter til trenarar.

Treningsavgiften er tilpassa det tilbodet ein får og varierer derfor både på årstrinn og nivå.

For 2019 gjeld følgjande satsar:

  • 7 -10 år: kr. 600
  • 11-16 år: kr. 800
  • Maks kr. 1500 pr. familie (Barn under 18år)
  • Over 16 år: kr. 1500

Medlemsavgift på kr 300,- kjem i tillegg til treningsavgifta.

Om det vert betalt inn meir enn maksbeløp, send mail til faktura@hasundgot.no med namn på spelarar, samt kontonummer for eventuell refundering av beløp.

NB: Handel må gjenomførast slik at spelarar vert registrert.

Ta gjerne kontakt ved problem eller ved andre spørsmål ang registrering.