Hasundgot låg under 2-0 og fekk ein mann utvist før 15 minut var spelt. Då bretta vi opp erma.
Likeeins som mot FK Sykkylven sist runde fekk Hasundgot ein blytung start på det som til slutt skulle vise seg å verte ein dramatisk 16. mai-kamp.
Allereie i det 4. speleminuttet fekk Vigra utteljing på sitt første angrep. Eit volleyforsøk smalt i tverrliggjaren, og returen spratt ut att i perfekt lege for bortelagets Simon Gjøen som enkelt kunne setje inn leiarmålet.
Vondt blei verre for Hasundgot i det 8. speleminuttet då eit Vigra-frispark vart svinga inn på bakerste stolpe. Thomas Gjerde vart hindra i å gå opp i duellen med Ole-Kristian Ytterland, og sistnemnde fekk heade inn 2-0 for bortelaget.
Ein blytung start, som skulle bli endå tyngre då Hasundgot sette igang ei kontring i det 14. speleminuttet. Etter ein duell framfor målet meinte dommar Bjarte Steinsbu at Sebastian Kleven hadde gjort noko ulovleg.
Det fekk store konsekvensar, for Sebastian hadde allereie fått gult kort tidlegare – og fekk med det beskjed om å avslutte kampen tidleg.
Eit sjokkert Hasundgot kunne knapt tru korleis kampen utvikla seg, men etter nokre taktiske grep frå sidelinja starta Hasundgot å brette opp erma.
Knallhard jobbing og strukturert forsvarsspel gjorde at Hasundgot fekk moglegheita til å redusere til 1-2 like etter halvtimen var spelt.
Det vart lika fram og tilbake inne i feltet til Vigra, og ettersom dei ikkje makta å få klarert ballen tok Thomas sats, klinka til og måka ballen hardt inn i nota.
Då fekk Hasundgot blod på tann inn mot pause, og heldt fram med å presse gjestene over i andre omgang.
Eit drygt kvarter etter pause fekk Daniel Muren fosse framover på venstrekanten, og etter ein god prestasjon av kantspelaren skrudde han inn utlikninga med eit perfekt skot i lengste hjørne!
Det tende eit håp om å snappe alle poenga på fotballens festdag, og det skulle det jamen meg også skje.
Innbytar Cato Veien er ein liten målsnik, og etter eit innlegg frå høgre stod spissen på rett plass i det 83. speleminuttet. Cato fekk ein enkel jobb med å plassere inn 3-2, og snuoperasjonen med 10 mann var komplett.
Dei siste minutta handla berre om å stenge igjen alle sluser bakover, og heldt heldigvis heilt inn. Ein skikkeleg god lagprestasjon på ein dag vi verkeleg trong det.
Då kan vi nyte nasjonaldagen med ei godkjensle, som vi forhåpentligvis tek med oss når vi reiser til Volda for å møte Volda sitt 2.-lag neste veke.
Kampfakta
5.-divisjon, runde 5
Hasundgot – Vigra 3-2 (1-2)
Hasundgot stadion
Tilsk: 50
Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg
MÅL: 1-0 Simen Gjøen (4), 2-0 Ole-Kristian Ytterland (8), 1-2 Thomas Gjerde (34), 2-2 Daniel Muren (61), 3-2 Cato Veien (83)
Raudt kort: Sebastian Kleven
Laget (4-3-3): Joakim Rødven (k) – Marius Muren, Simon Spjutøy, Nedim Mujic, Stian Pedersen – Sebastian Kleven, Thomas Gjerde, Nicolai Molvær – Daniel Muren, Jørgen Kleiven, Johannes Meinseth
Innbytarar: Mats Bigset, Elias Skeide Rooney, Håvard Vik, Sander Gjerde, Ruben Muren, Cato Veien, Niklas Schmidt