Tok poeng mot opprykksfavoritten

Hasundgot sjokkerte Langevåg, og leia 2-0 til pause.

I Sunnmørspostens seriestartmagasin var det laget som var tippa på sisteplass som tok imot laget som var tippa på førsteplass som møttest på Hasundgot stadion torsdag kveld.

I eit ufyseleg vêr prega av snø, sludd og regn (merk: det er no mai…) var det Hasundgot som kom best i gang.

Som han gjorde i serieopninga, sendte Nicolai Molvær i veg eit langskot i det 22. speleminuttet. Denne gongen med venstrefoten. Ballen gjekk i ein nydeleg boge over keeper og inn i kassa; 1-0!

Same mann var på farta like etter, og i eit forsøk på å storme mot målet til Langevåg vart han dytta overende i 16-meteren, og dommar Rolf Jarle Eldevik var sikker i si sak. Straffespark til Hasundgot.

Spydspiss Cato Veien tok ballen, og satte den sikkert til venstre for keeper – som også gjekk feil veg.

Leiinga heldt seg til pause. Der må gjestenes trenar ha sagt nokre velvalde ord, for Langevåg skulle kome sterkare tilbake.

Gultrøyene gjekk rett i strupen på Hasundgot, som holdt stand lenge. Men midtvegs i andre omgang gjekk ein Langevåg-spelar i bakken i Hasundgot målfelt. Den såg svært billig ut, men dommaren var ikkje i tvil; nytt straffespark!

På nesten identisk vis som på straffescoringa til Hasundgot, skaut Eirik Hurlen til venstre for keeper Joakim Rødven – som gjekk den motsette vegen.

Innhentinga var komplett 10 minutt før full tid då bortelagets Peter Beite Dyb fekk både tid og rom ute på Langevågs venstreside, og med eit velplassert skot sneik ballen seg inn i det lengste krysset. Vakker scoring, som dessverre for Hasundgot betydde at dei hadde mista leiinga.

Fleire scoringar vart det ikkje, og sjølv om det vart eit sterkt poeng mot ein opprykkskandidat, føltes det litt bittert å gi frå seg to poeng etter å ha leia 2-0.

Vi tek i alle fall med oss det positive: framleis utan tap etter to kampar mot to tøffe motstandarar.

Kampfakta

5.-divisjon, runde 2
Hasundgot – Langevåg 2-2 (2-0)
Hasundgot stadion
Ca. 20 tilsk
Dommar: Rolf Jarle Eldevik, Ellingsøy IL
MÅL HIL: 1-0 Nicolai Molvær (22), 2-0 Cato Veien (str. 25)

Laget (4-3-3): Joakim Rødven (K) – Marius Muren, Nedim Mujic, Thomas Gjerde, Håvard Fiksaa – Nicolai Vik, Sebastian Kleven, Nicolai Molvær – Johannes Meinseth, Cato Veien, Daniel Muren

Innbytarar: Martin Ødegård, Svein Eirik Ertesvåg, Mats Bigset, Elias Rooney, Jørgen Kleiven, Ruben Muren, Håvard Vik