Scoringa sat langt inne, men den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves.
For det vart ei tolmodigheitsprøve då Hasundgot tok turen gjennom Eiksundtunnelen for å bryne seg mot Volda 2.
Sjølv om det var Hasundgot, i sine grå og neongule drakter, som hadde initiativet i starten av kampen, skulle det vise seg å vere vanskeleg å få ballen i mål.
Hasundgot spelte seg fram til 2-3 store sjansar, men ingen av forsøka resulterte i scoring. Defensivt hadde gjestene også god kontroll dei første 45 minutta.
Laga gjekk derfor mållause av banen til pause.
I starten av den andre omgangen var Volda litt meir «på», og utgjorde ein litt større trussel bakover for Hasundgot. Men innbytar Håvard Vik hadde planar om å bli matchvinnar denne kampen.
Etter eit nydeleg gjennomspel i det 69. speleminuttet fekk venstrekanten dra seg inn frå sida, og sette sikkert inn 1-0 på Volda kunstgras.
Volda var svært nære å få ei redusering i kampens aller siste sekund då eit skot rett utanfor 16-meteren smalt i tverrleggjaren, men returen vart (litt tilfeldig) fanga av keeper Joakim Rødven.
Det var derfor ein ny siger denne torsdagskvelden, årets tredje i comebacket i 5.-divisjon.
Kampfakta
5.-divisjon, runde 5
Volda II – Hasundgot 0-1 (0-0)
Volda kgb
Dommar: Martin Javier Solheim, Emblem IL
Tilskodarar: ca. 60
MÅL HIL: 1-0 Håvard Aarsand Vik (69)
Laget (4-3-3): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Thomas Gjerde, Stian Pedersen – Nicolai Molvær, Nicolai Vik, Cato Veien – Johannes Meinseth, Jørgen Kleiven, Daniel Muren
Innbytarar: Håvard Vik, Elias Rooney, Ruben Muren, Mats Bigset
