5. mars 2021

Bittert bortetap mot Aksla

Etter ein jamn kamp mot Ålesund-laget vart det årets andre tap.

Både Aksla og Hasundgot har gjort sakene sine bra så langt denne sesongen, og før oppgjeret på Ratvika torsdag kveld låg begge to heilt oppe i toppen.

Dei to laga møttest sist i ein treningskamp i vinter, i tillegg til at dei kjempa om KM-tittelen i fjor haust. Begge endte med eittmålstap.

Det skulle det også bli denne gongen, men det var Hasundgot som kom best igang i Ålesund.

Vikebladet (+): Heimelaget avgjorde ti minutt før full tid

Sjølv om det var heimelaget som fekk halde mest i ballen i opninga, klarte vi å demme godt opp for eventuelle oppbyggande spel. Og så, etter dryge 12 spelte minutt, tenkte Nicolai Molvær at han skulle teste skotfoten frå distanse.

Med venstrefoten sendte han i veg eit prosjektil, som via tverrleggjaren suste inn i det lengste hjørnet; klassescoring av midtbanespelaren!

Då fekk Hasundgot auka sjølvtillit og produserte gode sjansar til å auke leiinga til 2-0, men dessverre hindra både keeper og klareringar på streken at det andre målet ikkje kom før pausen.

I staden fekk Aksla slå tilbake. I ein tøff duell like utanfor Hasundgots 16-meter fekk Hasundgots målscorar planta nokre knottar i låret, men spelet vart vinka vidare. Då smatt Kjetil Sundfær gjennom, og sette inn 1-1 for raudtrøyene. Svært surt rett før pause…

Sunnmørsposten (+): Sjå kampen i opptak!

I den andre omgangen var det lenge ein lang stillingskrig mellom laga, og begge lag var farleg frampå ved eit par høve.

Comeback-guten Joakim Gustavsen hadde mellom anna ein gigasjanse til å setje inn 2-1 då han stod heilt åleine framfor feltet, men innlegget frå høgrekant Jørgen Kleiven var akkurat ein milimeter for langt fram.

Så, dryge ti minuntt før full tid, fekk Aksla ein kontroversielt hjørnespark. Dommartrioen nølte, men valde til slutt å gi heimelaget sjansen frå cornerflagget. På den corneren klarte Hasundgot ikkje å få klarert ballen, og Kristian Engelstad nikka ballen i ein fin boge inn i det lengste hjørnet.

Aksla hadde derfor klart å snu kampen, og dessverre klarte ikkje Hasundgot å svare. Det vart derfor eit svært bittert tap; årets andre for sesongen.

Neste veke ventar det ei ny utfordring for Hasundgot, då dei tek imot Skodje til dyst på Hasundgot stadion.

Kampfakta

5.divisjon, runde 7
Aksla – Hasundgot 2-1 (1-1)
Ratvika
Ca. 50 tilsk
Dommar: Abbas Tamimi, Ørsta IL
MÅL: 1-0 Nicolai Molvær (12), 1-1 Kjetil Sundfær (45), 2-1 Kristian Engelstad (80)

Laget (4-3-3): Joakim Rødven – Marius Muren, Simon Spjutøy, Nedim Mujic, Håvard Fiskaa – Nicolai Molvær, Stian Pedersen, Nicolai Vik – Jørgen Kleiven, Niklas Schmidt, Joakim Gustavsen

Innbytarar: Mats Bigset, Jonas Overå, Elias Rooney, Ruben Muren, Daniel Muren

OBS! Biletet er teken av Idar Arne Kristiansen frå kampen mellom Volda 2 og Hasundgot 23. mai 2019.