Bittert heimetap mot Stranda

Mykje dramatikk, men ingen poeng i vårens siste heimekamp.

Hasundgot hadde før torsdagens oppgjer mot Stranda ikkje tapt ein einaste seriekamp på Hasundgot stadion i 2019. Det einaste tapet kom mot Aksla i ein treningskamp i mars.

Mot Stranda skulle det første heimetapet dessverre kome.

Etter ein god og energisk start på kampen, såg Hasundgot ut til å ha fått ein god inngang til kampen, men i det 14. speleminuttet vart eit innlegg frå Stranda si høgreside slått inn mot bakarste stolpe. Der stod ein umarkert Mathias Rusten som kunne setje inn 1-0.

Hasundgot var frustrerte, ettersom dei var heilt overtydde om at scoringa burde ha blitt annullert for ein offside, men assistentdommaren heldt flagget i ro og dommar Richard Olsen let vere å blåse i fløyta.

Utan å klare å få nettsus skapte dei fleire brukbare halvmoglegheiter, og med litt tur kunne det fort ha stått både 1-1 og 2-1. Dessverre mangla utteljinga, og Stranda gjekk til pause med ei knipen leiing.

Etter pause var det berre eitt fokus for Hasundgot; presse hardt for å tvinge fram ei utlikning.

Den kunne dei ha fått rundt timen spelt. I ein tøff duell med Joakim Gustavsen laga Stranda-keeper Raimondas Ceginskas  straffespark, og fekk også tildelt eitt av kampens åtte gule kort (sjølv om kampen på ingen måte var så intens som det skulle verke).

Nicolai Molvær gjekk fram for å ta straffesparket, men Ceginskas gjekk rett veg – og returen frå Gustavsen gjekk like utanfor.

KVAR ER VAR: Stranda-keeper godt utanfor streken FØR straffesparket vart teke. På tide å innføre VAR i breiddefotball?
KVAR ER VAR: Stranda-keeper godt utanfor streken FØR straffesparket vart teke. På tide å innføre VAR i breiddefotball?

Stranda sin einaste sjanse i tillegg til scoringa var eit skot som keeper Joakim Rødven fekk avverja til hjørnespark, hadde gjestene absolutt ingenting å by på offensivt. Det var derfor desto større frustrasjon i laget då Hasundgot skapte fleire moglegheiter til å både utlikne og gå opp i leiinga, men dette var ikkje kvelden det skulle lykkast.

Stranda klarte å holde stand, og påførte Hasundgot sitt første tap på heimebane denne sesongen.

Eit veldig bittert resultat, som (etter vore auge) var eit svært ufortent resultat. Men i fotball kan alt skje, og det handlar til sjuande og sist om å score fleire mål enn motstandaren.

Neste, og siste, kamp denne vårsesongen er borte mot Ellingsøy torsdag 4. juli – og der skal/må det bli ein trepoengar!

Kampfakta

5.-divisjon, runde 10
Hasundgot – Stranda 0-1 (0-1)
Hasundgot stadion
Ca. 20 tilsk
Dommar: Richard Olsen, Åmdal
Gule kort: Stian Pedersen, Håvard Hatløy, Marius Muren, James Sjåstad

Laget (4-3-3): Joakim Rødven – Joakim Gustavsen, Stian Pedersen, Simon Spjutøy, Håvard Fiskaa – Nicolai Molvær, Sebastian Kleven, Nicolai Vik – Marius Muren, Cato Veien, Elias Rooney

Innbytarar: Mats Bigset, Håvard Vik, James Sjåstad, Sondre Lunde, Kristoffer Flø, Ruben Muren, Niklas Schmidt

Bilete frå kampen: