Flø gjer comeback i Hasundgot-trøya

Gjerdsvika-spelar klar for Hasundgot.

Onsdag vart overgangspapira til Kristoffer Flø godkjende, og 22-åringen er klar for eit nytt opphald i kvitt og raudt.

Sist gong Flø var i Hasundgot var tilbake i 2014, etter at han melde overgang frå IL Hødd.

Dei siste åra har Flø spelt for ulike utgåver av Gjerdsvika, som Moltustranda/Gjerdsvika og Gjerdsvika/Larsnes/Gursken.

No er Ulsteinvik-guten klar for å ikle seg den kvite Hasundgot-drakta igjen, og er speleklar allereie til morgondagens kamp mot Aksla dersom han vert plukka ut i troppa til trenarane Øystein og Per.

Velkomen tilbake til Hasundgot, Kristoffer!