Fotballskule for barn 9-12 år

Hasundgot inviterer til fotballskule på Hasundgot stadion torsdag 27. og fredag 28. juni.

Skulen vil starte klokka 09.00 og halde fram til klokka 14.00. På fotballskulen vil du lære meir om tekniske ferdigheitar som skot, pasningar (kort og lang) og heading.

Det vil også bli gått gjennom teamet «Korleis gjennomfører vi kampen?».

Det vert eigen keeperskule for keeperane, så her er det noko for alle posisjonar!

Etter lunsj vil det verte delt inn i ulike lag og så vert det spelt turnering. Det vert blanda lag og vi kjører etter prinsippet om jamnbyrdigheit.

Det blir servert frukt i lunsjen, men vi ber deltakarane ta med eigen matpakke.

Pris: 400,-

(Alle barn skal ha like moglegheiter. Om du ikkje klarer deltakeravgifta sender du e-post til fotball@hasundgot.no)

Her kan du melde deg på Hasundgot sin fotballskule!