G10: deltok på cup i Stryn

Det vart ei kjekk helg for Hasundgots gutar 10.

Laurdag var nemleg laget på cup i Stryn, der dei skulle spele fire kampar.

Kampane vart spelte på Stryn stadion, og i den første kampen mot Stryn 2 vart det eit spanande oppgjer der det endte med uavgjort 4-4.

I kamp nummer to vart det siger 2-1 mot Eid, før Stryn 1 vant 2-1 i kamp nummer tre.

Turneringa vart runda av med eit nytt uavgjortresultat, denne gongen mot Stryn 3.

Alt i alt ein god jobb av gutane!