Det vart ein tøff kveld på Volda stadion.
Hasundgot har framleis til gode å ta poeng i ein tøff 2.-divisjon denne våren. Fredag jakta dei første poengsanking på Volda stadion.
Men det var heimelaget som trekte det lengste strået denne kvelden.
Dei grønkledde fekk ei tidleg leiing ved Håvard Ervik etter 12 minutt, før to scoringar til av Volda sørgja for at det stod 3-0 til pause.
Utover i andre omgang gassa vertane på, og gav seg ikkje før det stod 8-0 på måltavla.
No vert det ei pause fram til 14. jubi, før poengjakta held fram på bortebane mot Hareid 9ar.
OBS: Dagen etter spelte G16-2 bortekamp mot Ørsta. Den kampen endte i ei forrykande poengdeling, der begge laga scora fem mål kvar!
Stå på gutar! 💪⚽️
Bilete frå kampen mot Volda:
Eldsjela Idar Arne Kristiansen tok fleire bilete frå kampen. Fleire bilete kan du sjå i Facebook-gruppa Voldasupporter.